Teltplassen er ei lita opning i skogen oppe på ei lita høgd i Fetløypa. Turen eigna seg for små og store, og sjølv om me ikkje får ei barnevogn opp på høgda kan de setja vogna rett nedanfor på vegen.
Oppe på høgda opna det seg eit fint og spanande naturområde. Her er det kjekt å leika i buskane og på den mjuke skogsbotn. Bak høgda ligg ein «dal» og ein fjellnabb som barna kalla den store steinen.
På høgda over turløypa opna det seg eit fint området for leik i naturen.
Innafor høgda ligg ein liten dal med den store «steinen». Det er fint å stå på toppen av «steinen» og skua ut over skogen.
Me nyttar informasjonskapslar for å gjere surfinga di betre!OKPrivacy policy