Gullskaret

Leik og eventyr
Eit kreativt leikemiljø i naturen
Barna fortel om Gullskaret
Film: Ruslemaking til Gullskaret

Utforsk kart over turen

Gullskaret ligg eit lite stykke inn grusvegen me kalla for Hompetitten. Her kan alle komma seg lett fram med vogn, på sykkel og på ski om vinteren.

På Gullskaret kan du reila på blåsa, og leika i hytta av nót. Du kan laga di eiga fiskestong for å fiska i bekken, eller hakka etter gull i fjellet. Kanskje oppdaga du bier, humler og fuglar som kvitra i tretoppane – og kanskje finn du ein kjempefin stein.

Gullskaret vart oppdaga av barna den første gangen me ruslemaka. Det er og barna som laga namnet på området då dei oppdaga at det var «gull» i fjellet som ligg heilt innerst i Gullskaret.

På Gullskaret kan du lage ditt eige eventyr. Bygg ei bru med pinner og stein for å leika Dei tre bukkane bruse. Både bukkane og trollet kan du laga av steinar, pinnar eller andre ting du finn i naturen.

 

Forslag til eventyr:

Sving deg i hengekøya eller i blåsa, slå etter gull i fjellet, bygg ein steinmur – eller ta med deg dyr til å leika med. Ta med deg pølse på termos, nistepakke eller noko godt i sekken – og kos deg i eit kreativt leikemiljø i naturen.

Barna fortel om ruslemakinga til Gullskaret. Det er spanande å vera på ruslemaking, for då kan du oppdaga nye område det er kjekt å leika på. Med god hjelp frå andre har barna medverka til å laga sin eigen leikeplass. No vil desse barna dela området og leikeplassen med deg. God ruslemaking 😄