Ekornskogen

Ekornleik og fuglesong
Ekorn på frokost (lånt frå YouTube)

Utforsk kart over turen

Eit lite stykke innover Fetløypa ligg Ekkornskogen. Det er  lett å komma fram til området for alle. Her kan de gå med vogn, sykkel, rullestol og på ski om vinteren.

Ein tidleg vårdag me kom til Ekornskogen var alle fuglane vekke – det var ikkje ein einaste fugl som song. Då me kikka opp i trea såg me fleire ekorn som jaga kvarandre frå tre til tre. Eit ekorn fremst, og to kom etter… Dei hoppa og jaga, og vips fekk me sjå at ekorna para seg.  Så derav namnet Ekornskogen.