På ein sti full av magiske opplevingar kjem du lengre inn i skogen. Her kan du møta på apekattar i tretoppane som kasta kongler på deg, piraja i elva, og andre mystiske ting.
Turen går eit stykke inn Fetløypa før den dreia inn på sti og i skogsterreng.
Frå Fetløypa går du går gjennom den magiske apekattskogen, over den skumle pirajaelva, og kanskje møter du ein svolten krokodille. Pass opp, her er det mykje som kan skje!
Bruk din eigen fantasi til å skapa ei historie medan du går.
Stopp og lytt ved bekken, kan de høyra pirajaen glefsa og flerra dei skarpe tennene?
Høyr godt etter, er det lyden av ein krokodille i buskane?
Plukk opp ei kongle og kast den forsiktig på ein av dei du går tur med – kanskje trur dei at det var apene som kasta kongla?
Me nyttar informasjonskapslar for å gjere surfinga di betre!OKPrivacy policy