Bømlo Kommune
«Ruslemaking» er ein metode som blei utvikla av samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune Alf Helge Greaker.
Saman med ungdomsråd, elevar og barn frå ulike skular og barnehagar har «Ruslemaking» blitt vidareutvikla.
For meir om Ruslemaking og Bømlo kommune sitt medverknadsarbeid: Medverknad i Bømlo
Maurtua Barnehage Bømlo SA
I Maurtua Barnehage Bømlo SA har fleire av våre tilsette delteke på ABCD-kurs, og me valde metoden «Ruslemaking» for vårt arbeid.
Me legg vekt på medverkning for å utvikla nye møteplassar i nærmiljøet. Me forklarer «ruslemaking» med:
Rusle + «making» = å rusla der barna ønskjer og barna sjølv får laga opplevingane.
Barna er ein viktig ressurs i medverking til møteplassane, og deira idear og engasjement skal driva utviklinga i praksis.
Bømlo kommune seier om vårt arbeid at «det er utruleg kjekt å sjå i praksis korleis Maurtua barnehage tek i bruk ABCD-metodikken frå folkehelseprosjektet til Bømlo kommune. Dei legg til rette for meir medverknad for ungane og jobbar systematisk med å kartleggja og løfta fram ressursane rundt seg.»
Me har samarbeida med BUS, Zpirit Reklamebyrå, foreldra og andre frivillige aktørar – tusen takk til det gode samarbeidet.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen SR-bank for finansiering som har gjort det mogleg å laga denne nettsida.
Sjå meir om folkehelseprosjektet i filmen under: