Ein biotop er ein stad der levande organismar held til. Lag din eigen biotop ved å ruta inn ein kvaderat på bakken med feks pinnar eller småstein. Studer bakken med forstørelsesglas, grav i molda, løft på mosen, løft på steinar og sjå kva som dukkar opp. Ein biotop er ein del av eit habitat (eit område) som organismar lever naturleg i. Ta vare på naturen og alt som lever i den.